Professor rosar rapport nummer to: – Noko av det betre eg har lese

– Eg har vore kritisk til rapport ein. Det byggjer på at eg ikkje fann samsvar mellom premiss og konklusjon. Samsvaret brest stadig. Eg blir forbausa, eg forstår framleis ikkje kvifor det har skjedd, sa Torgersen, som tysdag vitnar som sakkunnig i saka mot Anders Behring Breivik.

Han var ein av dei aller første frå fagmiljøet som gjekk ut i media med ei kritisk røyst mot den første sakkunnig-rapporten, som erklærer Anders Behring Breivik paranoid schizofren, psykotisk og strafferettsleg utilrekneleg.

Etter at han i retten i dag presenterte sin kritikk mot rapporten ført i pennen av Synne Sørheim og Torgeir Husby, gav han rapport nummer to svært gode skotsmål:

– I tillegg vil eg kanskje seia at rapport to har analyse av psykose, løgn og fantaseringar som er noko av det betre eg har lese, sa Torgersen om erklæringa skriven av psykiatrane Agnar Aspaas og Terje Tørrissen.


Vitnet Svenn Torgersen meiner dei sakkunnige rettspsykiatrane Torgeir Husby og Synne Sørheim har gjort gode kliniske observasjonar av Breivik. Han held likevel fast ved at utilreknelegheitskonklusjonen ikkje heng på greip med vurderingane dei gjer seg i rapporten.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Rapport éin er meir «pang - diagnose!»

Aspaas og Tørrissen konkluderer med at Breivik lir av ei personlegdomsforstyrring, ikkje er psykotisk og følgjeleg kan få straff.

Denne rapporten har framleis ikkje fått godkjent-stempel frå Den rettsmedisinske kommisjonen (DRK). Kommisjonen bad om ei tilleggserklæring, som den korkje har underkjent eller godkjent men teke «til etterretning».

Den omstridde rapporten som konkluderer med utilreknelegheit hadde kommisjonen derimot ingen innvendingar til.

I retten tysdag påpeika professor Torgersen at rapporten til Husby og Sørheim inneheld gode kliniske observasjonar, men at desse ikkje er godt nok grunnlag for å konkludera med utilreknelegheit.

Han har lese den andre rapporten, som han meiner er skriven på ein heilt annan måte enn den første.

– Måten me skriv på seier noko om vår stil. Det er veldig ulike stilar i dei to rapportane. Rapport éin er meir «pang - diagnose!». Rapport to er meir vurderande, meiner Torgersen.

Lang fartstid

Svenn Torgersen er professor og spesialist i klinisk psykologi ved Universitetet i Oslo (UiO), og har personlegdomsforstyrringar som spesialfelt.

Han har lang fartstid innan forsking og klinisk behandling i psykiatrien i Noreg, og var blant anna med på å introdusera det moderne diagnosesystemet i 1980.

Tidleg sette han eit kritisk søkjelys på den første rapporten om psyken til Breivik:

«Grunngjevinga i rapporten for val av diagnostiske kjenneteikn, ser ikkje ut til å treffa. Det utelukkar ikkje at han er paranoid schizofren. men rapporten dokukmenterer det ikkje, etter mi meining», sa Torgersen i eit intervju med Aftenposten få dagar etter at konklusjonen blei offentleg kjend.

Over eit halvt år etterpå står Torgersen altså fast ved kritikken mot rapport nummer ein.

Agnar Aspaas og Terje Tørrissen skal forklara seg for dommarane om si vurdering av Breivik fredag 15.juni. Dei to rettspsykiatrane meiner Breivik har ei dyssosial og narsissistisk personlegdomsforstyrring som ikkje kvalifiserer for straffefritak.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Breivik er presis og treff ofte spikaren på hovudet

Etter å ha gjort greie for sitt syn på dei to rapportane, brukte Torgersen tida i vitneboksen på å forklara retten kva som skil schizofreni, psykose og personlegdomsforstyrringar frå kvarandre.

Torgersen fekk spørsmål frå forsvarar Vibeke Hein Bæra om han har sett psykotiske trekk hjå Breivik som kvalifiserer til psykose.

– Eg vil seia at ein person som er så presis og som til dei grader vurderer det som blir sagt, og nokre gonger treff spikaren på hovudet – at ein slik person har dokumentert psykose stemmer ikkje. Det gir ikkje meining for meg, svara Torgersen.


– Eg har alltid vore nøgd med utsjånaden min. Det må gå under den kulturelle skildringa, ikkje personlegdomsforstyrring, kommenterte Breivik etter vitneforklaringa til Svenn Torgersen.

Foto: NTB SCANPIX / Reuters

– Varsellampe at Breivik meiner han er kjekk og ressursrik

I kompendiet sitt påstår Breivik at han lett kan få jenter, fordi han er så kjekk.

Han legg ut om fleire vener og familiemedlemmer som skal ha hatt mange sex-partnerar, men at han ikkje er misunneleg:

«Eg kunne lett ha gått i same retninga, på grunn av utsjånaden min, sjarmen min, statusen min og fordi eg er ein ressursrik person», skriv Breivik.

– Det å skyta inn det der, vil få varsellampene til mange av mine kollegaer til å lysa - at denne personen er narsissistisk, kommenterte psykologspesialist Torgersen i retten.

Breivik sjølv likte dårleg at dette sitatet blei nytta som døme for psykiatrisk vurdering.

– Eg har alltid vore nøgd med utsjånaden min. Det må gå under den kulturelle skildringa, ikkje personlegdomsforstyrring, kommenterte han etter at Torgersen hadde avslutta forklaringa si.

Kommisjonen vitnar tysdag

Representantar frå Den rettsmedisinske kommisjonen (DRK) vitnar også i dag. Kommisjonen har i oppgåve å vurdera om rettspsykiatriske rapportar er fagleg gode nok, og godkjende Sørheim og Husby sin rapport utan merknader.

NRK kjenner til at det var usemje blant medlemmene i kommisjonen. Minst tre av dei sju medlemmene reiste motsegn mot rapporten, og meinte den ikkje var god nok.

Det har også blitt retta kritikk mot inhabilitet i kommisjonen. Husby er ven med leiaren av psykiatrisk gruppe i kommisjonen. Hans kollega Sørheim var leiar i rettsmedisinsk gruppe i 2009-2010. Fleire av dei som då var medlemmer av kommisjonen, er også det i dag.

Open all references in tabs: [1 - 5]

Leave a Reply