Kronekutt for psykologi

Ujamne inntekter frå forskinga ligg bak budsjettendringa på -5,7 prosent.

– Vi ser at vi går kraftig ned i budsjett neste år på grunn av reduserte resultatmiddel frå forskingsverksemda. Men vi har freista å ta høgde for det med eit budsjettoverskot i år på opp mot 25 millionar kroner, seier dekan på fakultetet, Jarle Eid.

Fleire plassar
Dei ekstra millionane vil gå med til å dekke ein del faste kostnader, men og til å leggje til rette for fleire studentarbeidsplassar i Christies gate 12, der Studentsamskipnaden skal flytte ut av treningslokala sine.

– Dessutan skal vi investere i rekrutteringsstillingar og nye faste stillingar, og difor vil vi bruke meir i løn i 2013, fortel Eid.

Han meiner budsjettet viser kor omskiftande forskingsfinaniseringa er i dag.
– Vi er kanskje ein god illustrasjon på svingingane. Modellen er eg svært einig i, men utfordringa er at vi må operere innanfor budsjettperiodar på eitt år, og då får vi slike variasjonar, seier han.

Fakultetet meiner dessutan at det trengst fleire studieplassar på høgare nivå.

– Vi vil posisjonere oss for å få fleire studieplassar i framtida, og er litt skuffa over at det ikkje er peikt på at dette trengst i budsjettforslaget til departementet for 2014, seier Eid til På Høyden.

Pluss for juss
Det juridiske fakultet får styrka sitt budsjett med over fire millionar kroner til neste år. To millionar er ei utviding av ramma.

– Det er heilt naudsynt å styrke ramma, og vi tenkjer først og framst på å rekruttere førsteamanuensar, seier dekan Asbjørn Strandbakken.

Juridisk fakultet har hatt ei lav basisløyving, og universitetsleiinga styrker no fagmiljøet.

– Vi treng ei veldig langsiktig oppbygging av ressursane for å få nivået opp, og eg helsar strategien bak denne ordninga hjarteleg velkomen, seier Strandbakken.

Han er og glad for at fakultetet er trekt fram som eit satsingsområde og på budsjettinnspelet til Kunnskapsdepartementet for 2014.

– Dette er gledeleg for fakultet, men òg naudsynt, seier Strandbakken.

Her er framlegget til totalt inntektsbudsjett for fakultet, museum og bibliotek. Tala er i millionar, og endring i høve til budsjettet for 2012 står i parentes:

Det medisinsk-odontologiske fakultet                  804.432    (20.018)

Det samfunnsvitskaplege fakultet                       301.228      (4.921)

Det juridiske fakultet                                            134.080      (4.298)

Det psykologiske fakultet                                    212.903   (-12.897)

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet          906.329    (40.555)

Det humanistiske fakultet                                    425.196    (14.262)

Universitetsmuseet                                             134.262    (17.287)

Universitetsbiblioteket                                         125.692     (-2.593)

 

Leave a Reply