Insomni råmer subjektivt

Over 30 prosent av befolkninga har insomnisymptom, og sjukdommen er mest utbreidd hjå dei eldre. I ei undersøking fann forskarar frå UiB ikkje noko bevis for objektivt målt nedsett dagtidsfunksjon hjå dei eldre med søvnproblem, samanlikna med testpersonane som sov godt.

– Det er jo ei gladmelding at denne gruppa ikkje presterar dårlegare på objektive testar, men samstundes må vi passe oss for å ikkje stigmatisere gruppa med insomni. Det er ei reel fare for psykologiske plager for dei som lir av søvnproblem, seier Professor II Børge Sivertsen, ved Det psykologiske fakultet, UiB.

Sivertsen, har jobba med eit forskingsprosjekt leia av professor Astri Lundervold ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, som hadde som formål å kartlegge korleis eldre vaksne som fyller kriteria for insomnidiagnosen presterer på dagtid.

Dei gjennomførte ei rekke nevropsykologiske testar på testpersonane, og samanlikna resultata med informasjonen testpersonane med diagnosa sjølv opplyste om korleis dei subjektivt meiner dei fungerer på dagtid.

Subjektive plager
I undersøkinga var det totalt 121 deltakarar, med ein gjennomsnittsalder på 64 år, derav 25 prosent av deltakarane fylte kriteria for insomni.

­– Det var overraskande ikkje noko skilnad i prestasjon på dei nevropsykologiske testane mellom dei som hadde insomni og dei utan. Eldre med insomni rapporterte likevel subjektivt dårleg minne og meir symptom på depresjon enn eldre utan insomni, seier Sivertsen.

Komplekse oppgåver
– Frå tidlegare undersøkingar har vi fått litt blanda resultat. Nokre studie har funne skilnader mellom personar med insomni og dei utan, medan andre ikkje finn det, seier Sivertsen.

Sivertsen forklarar at når det kjem til svært komplekse oppgåver viser det seg at det kan vere vanskelegare å gjennomføre for personar som har insomni. Vegen vidare for forskinga er derfor å spesifisere måla. ­

–No må vi utarbeide meir spesifiserte testar som kan få fram kvar grensa går før det speler inn for dei som har søvnproblem, seier Børge Sivertsen.

Så lenge oppgåvene ikkje er veldig kompliserte og krev stor konsentrasjon, presterer personar med insomnia like bra på dagtid som dei utan søvnproblem, viser ny forsking frå UiB, Folkehelseinstituttet og Nasjonalt Kompetansesenter for Søvnsykdommer (SOVno). (Foto: Colurbox)

Leave a Reply