Dukar for master i psykologi

Hausten 2013 kan studentar med bachelorgrad i psykologi ta til på eit heilt nytt studium i psykologi. Rammene for den nye masteren er i stor grad på plass. No jobbar visedekan Norman Anderssen og ei rekkje kollegaer ved Institutt for samfunnspsykologi og andre stader ved fakultetet for fullt med å gjere studieplanen ferdig. Dei har frist på seg til 1. februar.

– Saman med profesjonsutdanninga i psykologi vil denne utvida og fullt utbygde masteren samla sett komplettere tilbodet vårt, sier Norman Anderssen.  Samla sett går endringa ut på at vi lagar ein mastergrad i psykologi der masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi som vi har i dag, går inn som ei studieretning, medan vi òg etablerer ei ny studieretning i tillegg. Denne har arbeidstittelen psykologivitenskap.

 Breiare tilbod
– Både vi på fakultetet og andre på universitetet har reagert på at talet på studentar på årsstudiet har vore spesielt høgt samanlikna med talet på studentar som får tilbod om å ta ein høgare grad i psykologi.

Å komme inn på profesjonsstudiet i psykologi har som kjent lenge vore vanskeleg. På årsstudiumet er det i alt 500 plassar. Mange studentar har teke eksamen om igjen semester etter semester for å forbetre karakteren slik at dei kan kome gjennom nålauget og sikre seg ein av dei 82 plassane på profesjonsstudiet.

Rekruttere nye forskarar
Fakultetet ynskjer at den nye masteren kan få studentane til å late seg inspirere av at det finst andre vegar å gå.

– Det er ikkje slik at alle som studerer psykologi ynkjer å bli psykologar. Med denne masteren vil vi også ha eit tilbud på høgare grad til dei som tenker seg i ein annan retning.  Det er eit behov i Norge i dag for personar med høgare utdanning i psykologi, utover dei som arbeider med behandling, seier Norman Anderssen.

Han meiner psykologutdanningaa har endra seg dei ti siste åra.

– Til forskjell frå for ti år sidan er psykologiutdanninga i dag meir helsefagleg innretta.

Han håpar også at denne masteren kan bidra til å rekruttere fleire studentar til grunnforskinga i psykologifaget. 

– Vi har allereie ein god tradisjon med forskingsnær undervisning på alle psykologiprogramma våre, ikkje minst ved profesjonsstudiet i psykologi. I denne nye masteren vil vi søke å strekke oss lengre, og vi vil invitere masterstudentane endå meir inn i dei forskingsaktivitetane som institutta står for.

Studentane skal òg kunne søke om utveksling til søsterinstitusjonar i utlandet når masteren skal skrivast.

Kan ta samfunnsvitar-jobbar
– Kva andre type jobbar vil dei kunne gjere?

– Med ein master i psykologi vert studentane godt kvalifisert til jobbar innan forvaltning administrasjon i privat og offentleg verksemd. Dei kan og arbeide med granskingar og forsking. Dei vil kunne gå inn i same type stillingar som ei rekke samfunnsvitarar, seier Norman Anderssen.

Universiteta i Oslo og Trondheim tilbyr tilsvarande studium i dag. Frå hausten av vil det eksisterande masterprogrammet arbeids- og organisasjonspsykologi ta opp studentar kvart år, i staden for annankvart år. Då vil arbeids- og organisasjonspsykologi inngå som ei studieretning i det nye masterprogrammet. Studentar som helst vil vere i Bergen, slepp då å reise til Oslo eller Trondheim.

Treng fullfinansiering
Det første året finansierar fakultetet plassane delvis sjølve, ved å omprioritere studieplassar frå mellom anna årsstudiet i psykologi.

– Frå neste år av er fakultetet avhengig av fullfinansiering, seier Norman Anderssen.

– Det psykologiske fakultet er eit fleirfagleg fakultet, med eit breidt tilbod i pedagogikk og andre disiplinar. Men no var det naudsynt at vi konsentrerte oss spesielt om psykologiområdet, seier Norman Anderssen.

Leave a Reply