Difor lønar positive saker seg

Negative nyheiter kan skremme lesarane vekk. Det kjem fram av ei
masteroppgåve i psykologi, skrive av den danske journalisten Cathrine
Gyldensted.

– Forsøkspersonane peika på at ein vart i veldig dårleg humør av å lese
dei klassiske, negative nyheitshistoriene. Dei vart uengasjerte og fekk
ikkje lyst til å lese meir, forklarar Cathrine Gyldensted til videnskap.dk.

Cathrine Gyldensted gjorde eit forsøk der ho skreiv seks artiklar om
store nedskjeringar i tilskotet til dei amerikanske suppekjøkkena, alle
med varierande grad av negativitet.

Med 710 forsøkspersonar (408 menn, 298 kvinner, fire utan oppgjeve kjønn),
der 186 var frå USA, 486 frå India, and 58 frå diverse andre land, fekk
ho eit representativt utval.

Lesarane vendar attende til positive nyheiter

I ein økonomisk pressa bransje der fleire og fleire flyktar frå
avisabonnement og finn nyheiter på alternativt vis, meiner Cathrine
Gyldensted at det er på tide at gå i seg sjølv.

– I oppgåva mi legg eg stor vekt på dei økonomiske fordelane det har å
leggje ei ny line i journalistikken. Mykje kan tyde på at fleire lesarar
vendar attende om dei les artikler som gjev dei håp eller ser innslag
som er positive, held ho fram overfor videnskab.dk.

Forsøkspersonane meinte at dei artiklane som var hovudsakleg positive
var dei mest rette og gav det mest realistiske biletet av historia.

Les også: Desse avisene auka mest

«Fange skurken»

Skandalar som Watergate og offentleggjeringa av Pentagon Papers blir
sett på som det ypperste av moderne journalistikk. Det fører til at
nyheitsjournalistikken i dag handlar kun om å «fange skurken».

– Eg trur at denne såkalla «gullalderen» har hatt ei negativ påverknad
på vår evne til å innovere journalistikken som eit yrke, sidan dette
skapa ein negativ spiral og ei negativ tenkjing som held fram i dag,
skriv ho i masteroppgåva.

Masteroppgåva om positiv psykologi i nyheitsformidling har ho tatt ved
det kjente University of Pennsylvania, som har nokre av verdas beste
forskarar innanfor positiv psykologi.

Les også: - Fjernsyn dødt om fem år

 

Positiv nyheitspsykologi inn på skulane

– Ein god journalist kan dyktig og bevisst bruke negativitet og
positivitet og dermed styrke kvaliteten på arbeidet og arbeidsplassen
sin i tråd med vår etiske kode. Journalistikk på sitt beste er ein
sentral aktør i eit demokrati.

«Vi kan ikkje vere likeglade som journalistar, for vi utholar vår eigen
profesjon om folk vel oss på grunn av vår einsidige negativitet», skriv
ho.

Cathrine Gyldensteds draum er at dei som studerer på journalistikkens
utdanningsstader skal lære å meistre den positive nyheitsformidlinga, og
at tankesettet blir implementert ute i redaksjonane.

Les også: Få vil betale for nyhende på nett

Utilsikta konsekvensar

Elisabeth Eide, førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo, seier til
Framtida.no at negative nyheiter kan gi utilsikta konsekvensar.

– Det er mykje tale om negative nyheiter, at tog går i rute er ikkje
verd å skrive om. Slik er det sjølvsagt. Men på andre område kan ein
tenkje seg at den negative vinklinga får konsekvenser som kanskje er
utilsikta.

– Til dømes får ein sjeldan høyre om alt det positive som skjer i
helse-Noreg, om ein då ikkje, som eg, skulle få vite om det frå
slektningar som har gode erfaringar frå sjukehus og annan omsorg. Slik
kan mange tru at heile helseområdet er i permanent krisetilstand.

Les også: Rekordår for klager på media

Ho nemner at Dagsavisen hadde ein serie om positive hendingar og
tilstandar for ikkje lenge sidan, men dette er eit særskilt unntak.

– Eit anna døme er i krigs- og konfliktsituasjonar; de vert mykje fokus
på vald og vapen, mindre på den evna folk har til å overleve, og til å
hjelpe kvarandre, som til dømes i Afghanistan og Pakistan. Kva slike
fokus gjer med tenkinga vår om folk i desse landa, bør bli emne for meir
forsking, påpeikar Eide.

 

Les fleire nyheter her

Open all references in tabs: [1 - 7]

Leave a Reply